Kvar er du, Gud? Kvar finn vi deg?
Kvar er du, Gud? Kvar finn vi deg?
Den mørke tid gir ingen ro.
Kvar vart du av? Du gjekk din veg.
Kvar finn vårt hjarte kvile no?
Kvar er din lyse himmelsal
når sol går ned,
når natt fell på?
Er vegen din blitt altfor smal
til at vi ser kvar vi skal gå?
Da minnest vi hans kjærleiks ord:
Blant dei forkomne held han hus.
Han er i natt der bror drep bror,
i dødens einsemd, vald og rus.
På flukt i fengsel og eksil,
der kvinner gret i spott og skam,
der håpet sloknar held han til.
Der skal hans rike stige fram.
Du barn av jorda, født i dag
til leik og latter, sol og song,
du fyller sjel og andedrag
med blomsterange, gong på gong.
Men andre sovnar aldri trygt.
Ein heimlaus saknar nattely.
Små barn og mødrer går i frykt.
Ein flyktning frys i framand by.
Gå ut med trøyst, skap fred og be
at himlens rettferd følgjer deg.
Da skal det store under skje
der frosten bit, der svolten gneg.
Da ser du han, i natt og vind!
Di hand gir ut det liv han gav!
Hans andlet skin, hans veg blir din
når barnegråten stilnar av.
Den mørke tid gir ingen ro.
Kvar vart du av? Du gjekk din veg.
Kvar finn vårt hjarte kvile no?
Kvar er din lyse himmelsal
når sol går ned,
når natt fell på?
Er vegen din blitt altfor smal
til at vi ser kvar vi skal gå?
Da minnest vi hans kjærleiks ord:
Blant dei forkomne held han hus.
Han er i natt der bror drep bror,
i dødens einsemd, vald og rus.
På flukt i fengsel og eksil,
der kvinner gret i spott og skam,
der håpet sloknar held han til.
Der skal hans rike stige fram.
Du barn av jorda, født i dag
til leik og latter, sol og song,
du fyller sjel og andedrag
med blomsterange, gong på gong.
Men andre sovnar aldri trygt.
Ein heimlaus saknar nattely.
Små barn og mødrer går i frykt.
Ein flyktning frys i framand by.
Gå ut med trøyst, skap fred og be
at himlens rettferd følgjer deg.
Da skal det store under skje
der frosten bit, der svolten gneg.
Da ser du han, i natt og vind!
Di hand gir ut det liv han gav!
Hans andlet skin, hans veg blir din
når barnegråten stilnar av.
Credits
Writer(s): Henrik Oedegaard, Edvard Hoem, Henrick Odegaard
Lyrics powered by www.musixmatch.com
Link
Other Album Tracks
- Jerusalem, Jerusalem - orgelimprovisasjon
- Jerusalem, Jerusalem
- Med Jesus vil eg fara (arr. Henning Sommerro)
- Kom regn. Kom fred. Kom trøst: 1. Kom regn
- Kom regn. Kom fred. Kom trøst: 2. Kom fred
- Kom regn. Kom fred. Kom trøst: 3. Kom trøst
- Kvar er du, Gud? Kvar finn vi deg?
- Gud, la vårt hovmod briste - orgelimprovisasjon
- Gud, la vårt hovmod briste (arr. Max Reger)
- Ja, vi elsker dette landet (arr. Rasmus Thaarup)
© 2024 All rights reserved. Rockol.com S.r.l. Website image policy
Rockol
- Rockol only uses images and photos made available for promotional purposes (“for press use”) by record companies, artist managements and p.r. agencies.
- Said images are used to exert a right to report and a finality of the criticism, in a degraded mode compliant to copyright laws, and exclusively inclosed in our own informative content.
- Only non-exclusive images addressed to newspaper use and, in general, copyright-free are accepted.
- Live photos are published when licensed by photographers whose copyright is quoted.
- Rockol is available to pay the right holder a fair fee should a published image’s author be unknown at the time of publishing.
Feedback
Please immediately report the presence of images possibly not compliant with the above cases so as to quickly verify an improper use: where confirmed, we would immediately proceed to their removal.