Balladen om Larsen
BALLADEN OM LARSEN
Så sprengde dei døra med øks og med spett
Der låg gamle Larsen, dei hadde rett
Slik hadde han lege ei veke
- Det var gildt å sjå folk, sa'n Larsen
Vår sosialomsorg er gavmild i nød
Vår venn fekk ny skjorte sjøl om han var død
Så folda dei hendene på han
- Gud gjeve dykk løn, sa'n Larsen
Avisene leita fram sølvkanta ord:
Vår kjæraste pappa og onkel og bror
Du fòr altfor tidleg ifrå oss
- Nei, meiner de det? sa'n Larsen
Så folda dei hender, så song dei i kor
Og presten han hivde på tre skeier jord
Så draup det frå alle ei tåre
- Ei tåre er nok, sa'n Larsen
Så køyrde dei heimatt til steik og til vin
For no skulle slekta heidre bestefar sin
Der rauk siste alderspensjonen
- Skål for min død, sa'n Larsen
Og alle var glad for å samlast til fest
Og presten heldt bordpreik med godkjend effekt:
Han har det så godt no vår gamle
- Jau takk berre bra, sa'n Larsen
Då alt pent var sagt båd' om Larsen og Gud
Sat slekta og verka, heldt mest ikkje ut
For no sku dei snart dele arven
- Er alt det mi slekt? sa'n Larsen
I tre dagar slost dei om tepper og fat
Så venner frå før blei fylde med hat
Før alle drog misnøgde heim
- Ser dykk vel snart! sa'n Larsen
Så sprengde dei døra med øks og med spett
Der låg gamle Larsen, dei hadde rett
Slik hadde han lege ei veke
- Det var gildt å sjå folk, sa'n Larsen
Vår sosialomsorg er gavmild i nød
Vår venn fekk ny skjorte sjøl om han var død
Så folda dei hendene på han
- Gud gjeve dykk løn, sa'n Larsen
Avisene leita fram sølvkanta ord:
Vår kjæraste pappa og onkel og bror
Du fòr altfor tidleg ifrå oss
- Nei, meiner de det? sa'n Larsen
Så folda dei hender, så song dei i kor
Og presten han hivde på tre skeier jord
Så draup det frå alle ei tåre
- Ei tåre er nok, sa'n Larsen
Så køyrde dei heimatt til steik og til vin
For no skulle slekta heidre bestefar sin
Der rauk siste alderspensjonen
- Skål for min død, sa'n Larsen
Og alle var glad for å samlast til fest
Og presten heldt bordpreik med godkjend effekt:
Han har det så godt no vår gamle
- Jau takk berre bra, sa'n Larsen
Då alt pent var sagt båd' om Larsen og Gud
Sat slekta og verka, heldt mest ikkje ut
For no sku dei snart dele arven
- Er alt det mi slekt? sa'n Larsen
I tre dagar slost dei om tepper og fat
Så venner frå før blei fylde med hat
Før alle drog misnøgde heim
- Ser dykk vel snart! sa'n Larsen
Credits
Lyrics powered by www.musixmatch.com
Link
© 2024 All rights reserved. Rockol.com S.r.l. Website image policy
Rockol
- Rockol only uses images and photos made available for promotional purposes (“for press use”) by record companies, artist managements and p.r. agencies.
- Said images are used to exert a right to report and a finality of the criticism, in a degraded mode compliant to copyright laws, and exclusively inclosed in our own informative content.
- Only non-exclusive images addressed to newspaper use and, in general, copyright-free are accepted.
- Live photos are published when licensed by photographers whose copyright is quoted.
- Rockol is available to pay the right holder a fair fee should a published image’s author be unknown at the time of publishing.
Feedback
Please immediately report the presence of images possibly not compliant with the above cases so as to quickly verify an improper use: where confirmed, we would immediately proceed to their removal.