Det lyser i stille grender

Det lyser i stille grender
Av tindrande ljos i kveld
Og tusende barnehender
Mot himmelen ljosa held

Og glade med song dei helsar
Sin broder i himmelhall
Som kom og vart heimsens frelsar
Som barn i ein vesal stall

Der låg han med høy til pute
Og gret på si ringe seng
Men englane song der ute
På Betlehems aude eng

Der song dei for fyrste gongen
Med natt over Davids by
Den evige himmelsongen
Som alltid er ung og ny

Den songen som atter tonar
Med jubel kvar julenatt
Om barnet, Guds son, vår sonar
Som døden for evig batt
Om barnet, Guds son, vår sonar
Som døden for evig batt



Credits
Writer(s): Thomas Beck, Jakob Sande, Havard Gravdal, Lars D Y Soraas
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link