Den fyrste song

Den fyrste song eg høyra fekk
Var mor sin song ved vogga
Dei mjuke ord til hjarta gjekk
Dei kunne gråten stogga

Dei sulla meg så underleg
Så stilt og mjukt te sova
Dei synte meg ein fager veg
Opp frå vår vesle stova

Den vegen ser eg enno titt
Når eg fær auga kvila
Der stend ein engel smiler blidt
Som berre ei kan smila

Og når eg sliten trøytnar av
I strid mot alt som veilar
Eg høyrer stilt frå mor si grav
Den song som allting heilar

Den fyrste song eg høyra fekk
Var mor sin song ved vogga
Dei mjuke ord til hjarta gjekk
Dei kunne gråten stogga



Credits
Writer(s): Elisabeth Vannebo, Per Sivle, Lars Soraas
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link