Songar Som Lengtar Heim

Eg syng om ei jenta
Som sit på ein buss
Ho kikkar tilbake
Mot der ho var nyss
Men då ser ho månen
Som strekkjer sitt skin
Mot bussen og jenta
Og fangar dei inn

Ho ville til byen
Til stas og til mas
Ho prøvde om draumen
Tålte røynda sitt ras
Ho reiste og reiste
I håpet sitt far
Men fann aldri staden
Der målet no var

Og når ho lukkar augene og syng
Er det ho ser
Er det dette ho ser
Og når eg høyrer kva det er ho syng
Så er det songar som
Lengtar heim

Så var det ei jenta
Som sat på eit tog
Som ville tilbake
Dit heimlandet låg
Så sleppte ho taket
Og steig av sin draum
Og flykta tilbake
Til månen sin flaum

Men når ho lukkar augene og syng
Er det ho ser
Er det dette ho ser
Og når eg høyrer kva det er ho syng
Så er det songar som lengtar ut

Nokon reiser, andre dei blir
Men alle lengtar heile si tid
Kvar me vandrar
Søkjer me heimen
Om me finn han
Vil me oss vekk

Og månen han ventar
Og månen han skin
Han veit at han hentar
Og fangar ho inn
Ein dag ho er slagen
Ein dag ho er rein
Han tek ho i kragen
Og fylgjer ho heim

Og når ho lukkar augene og syng
Er det ho ser
Er det dette ho ser
Og når han høyrer
Kva det er ho syng
Så er det songar som lengtar heim



Credits
Writer(s): Helge Lilletvedt, Herborg Krakevik
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link