Nordmannen

Mellom bakkar og berg ut med havet
Heve nordmannen fenge sin heim
Der han sjølv heve tuftene grave
Og sett sjølv sine hus oppå deim

Han såg ut på dei steinute strender
Der var ingen som der hadde bygd
Lat oss rydja og byggja oss grender
Og så eiga med rudningen trygt

Han såg ut på det bårute havet
Der var ruskut å leggja ut på
Men der leikade fisk ned i kavet
Og den leiken den ville han sjå

Fram på vinteren stundom han tenkte
Gjev eg var i eit varmare land
Men når vårsol i bakkane blenkte
Fekk han hug til si heimlege strand

Og når liene grønkar som hagar
Når det lavar av blomar på strå
Og når netter er ljose som dagar
Kan han ingen stad venare sjå

Sud om havet han stundom laut skrida
Der var rikdom og benkjer og bord
Men ikring såg han trelldomen kvida
Og så vende han atter mot nord

Lat no andre om storleiken kivas
Lat dem bragla med rikdom og høgd
Mellom kaksar eg inkje kan trivast
Mellom jamningar helst er eg nøgd



Credits
Writer(s): Ludvig Mathias Lindeman, Ivar Aasen, Helge Lilletvedt, Bodil Lunde R?rtveit
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link