Kveldssong for Deg Og Meg

Grisen står og hyler
i den stille kveld.
(Han skal ikkje slaktast,
men hyler likevel.)
Fir'og tjue kråker
sit på ein madrass
Endå ei vil sitje,
men det er ikkje plass.
Månen står og lyser,
rund og feit og kvit.
Og reven kjem frå skogen
og luskar hit og dit.
Fiskane i havet,
søv og drøymer søtt.
Nøkken nedi tjernet
han har eg aldri møtt.
Mor og far har lagt seg.
Eg er vaken, eg.
No klatrar eg ut glaset,
Så spring eg bort til deg.
Mens grisen står og hyler
og månen lyser kvit.
Sit du og eg på taket
og ler og pratar skit.
Mens grisen står og hyler
og månen lyser kvit.
Sit du og eg på taket
og ler og pratar skit.
Mens grisen står og hyler
og månen lyser kvit.
Sit du og eg på taket
og ler og pratar skit.
Mens grisen står og hyler
og månen lyser kvit.
Sit du og eg på taket
og ler og pratar skit.



Credits
Writer(s): Kare Chr Vestrheim, Odd Nordstoga, Ragnar Hovland
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link