Sakte Dans

Tett inntil deg, septemberkveld
Ljoset, glødande svann
Havet omfamna soleglad
Mot himmelkvelven si rand

Saman i mørket, oktobernatt
Såg Mjølkevegen sitt far
Månen dykka i blånen ned
Stjerneskot fall, eitt til kvar

Verda var eit haustpalass
I morgonsola sin glans
Bjørk forgyllast, berget brenn
Du og eg, sakte dans

I armane dine, novemberdag
Kvitrosa låg over enger
Krystallar dekka blad og blom
På bakken fanst englevenger

Ta handa mi, desembergry
Skyer slepp snøfnugga fri
Fredfullt flyg dei ned til jord
Smeltar mot bringa mi

Verda er eit vinterslott
I måneskinet sin glans
Trea kledd med brureslør
Du og eg, sakte dans

Hald meg vart, skymingstid
Stryk over panna mi, mildt
Syng voggeviser, gjev meg di røyst
Hjå deg eg søv so stilt
Syng voggeviser, gjev meg di røyst
Hjå deg eg søv so stilt

Verda er eit vinterslott
I måneskinet sin glans
Trea kledd med brureslør
Du og eg, sakte dans
Trea kledd med brureslør
Du og eg, sakte dans



Credits
Writer(s): Arne-helge Byrknes, Trude Havardstun
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link