Ikkje tenk på meg

For fyrste gong går dagen utan glimt av deg
Eg har det fint aleine
Har overskudd, no kan eg berre gjerne meg
Til og med når kveldane blir seine

Eg ser at du har ringt meg
Ser kva du har sendt meg
Hugs at det var du som valde meg bort

Eg ser at du har ringt meg
Ser kva du har sendt meg
Men eg har ikkje gløymd av det du gjort

Ikkje tenk på meg
Eg ser meg aldri tilbake
Ikkje tenk på meg
Du får meg aldri tilbake

Eg har lært og gjer kje feil igjen
Fekk sjansen men du mista den
Så eg kan ikkje gje deg det du treng

Ikkje tenk på meg
Eg ser meg aldri tilbake

For fyrste gong kan eg gå ut og vere i fred
Kjøper drinkar kun til ein
Same for meg, drit i kven du henge med
Og kven du tek med heim

Eg ser at du har ringt meg
Ser kva du har sendt meg
Du ber om noko som e ikkje har

Eg ser at du har ringt meg
Ser kva du har sendt meg
Men kjem ikkje til å gje deg

Ikkje tenk på meg
Eg ser meg aldri tilbake
Ikkje tenk på meg
Du får meg aldri tilbake

Eg har lært og gjer kje feil igjen
Fekk sjansen men du mista den
Så eg kan ikkje gje deg det du treng

Ikkje tenk på meg
Eg ser meg aldri tilbake

Eg ser at du har ringt meg
Ser kva du har sendt meg
Men hugs at det var du som valde meg bort
Og eg har ikkje gløymd av det du gjort

Ikkje tenk på meg
Eg ser meg aldri tilbake
Ikkje tenk på meg
Du får meg aldri tilbake

Eg har lært og gjer kje feil igjen
Fekk sjansen men du mista den
Så eg kan ikkje gje deg det du treng

Ikkje tenk på meg
Eg ser meg aldri tilbake

Ikkje tenk på meg
Eg ser meg aldri tilbake
Ikkje tenk på meg
Du får meg aldri tilbake

Eg har lært og gjer kje feil igjen
Fekk sjansen men du mista den
Så eg kan ikkje gje deg det du treng

Ikkje tenk på meg
Eg ser meg aldri tilbake
Ikkje tenk på meg



Credits
Writer(s): Anna Linnea Timgren, Jonas Holteberg Jensen, Synne Vorkinn, Morten Franck, Ellen Gimse
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link