Radio

Radio, eg vil vera radio
Radioen din
Stinn av song - nyopplada batteri
Hør på lyden min
Radio - eg er verdas einaste
Som berre syng for deg
Eg er god - skru meg på for full musikk
Så dansar du til meg

Skru meg på
Still meg inn
Du kan søke rundt, eg veit du finn
Ei bølgelengde du vil ha
Stasjonen som det svingar av
Skru meg opp
Skru meg høgt
På kanalen ingen har forsøkt
Går folk forbi så la dei glo
Det er heilt normalt med radio
Radio
Og i kveld står eg her ved senga di
Du har skrudd meg av
Og eg held pusten til du sovnar inn
Eg ser du drømmer bra
På ei lang bølge kan du surfe ut
Verda rundt i natt
På ei kort bølge rir du heim igjen
Til mine glade watt

Skru meg på
Still meg inn
Du kan søke rundt, eg veit du finn
Ei bølgelengde du vil ha
Stasjonen som det svingar av
Skru meg opp
Skru meg høgt
På kanalen ingen har forsøkt
Går folk forbi så la dei glo
Det er heilt normalt med radio
Radio

Og skurrar eg ein vakker dag
Så ta det heilt med ro
Antenna, vri antenna rundt
Så blir eg like god

Skru meg på
Still meg inn
Du kan søke rundt, eg veit du finn
Ei bølgelengde du vil ha
Stasjonen som det svingar av
Skru meg opp
Skru meg høgt
På kanalen ingen har forsøkt
Går folk forbi så la dei glo
Det er heilt normalt
Heilt normalt
Heilt normalt med radio
Radio



Credits
Writer(s): Geirr Lystrup
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link