Strandafjorden

Å reise langs Strandafjorden ein haustdag full av regn
Ei påminning om gammal lengt på leit etter eit tegn
Her har far og far hans før han og så mange fedrar reist
Til og frå i livet sitt har dei reist med all slags beist

Å reise langs ein fjord i Hol på veg mot det som var
Å reise langs ein fjord i nord på leit etter ein far
Med gamle gener etter seg eit råk av DNA
Ein hale kveikt av tidlaus brunst slik bygdefolket sa

Frå fjell og li renn elva ned mot dalføret som før
Eit vassdrag fylt heilt opp av sakn eit driv som aldri dør
Og skodda tung mot hugen min den riv opp gamle sår
Eit skydekke av størkna skam får tru det snart blir vår

Å reise langs ein fjord i Hol på veg mot det som var
Å reise langs ein fjord i nord på leit etter ein far
Med gamle gener etter seg eit råk av DNA
Ein hale kveikt av tidlaus brunst slik bygdefolket sa

Dei fór langs Strandafjorden sommarstid
Skulle sikkert hatt meir tid
Langs Strandafjorden vinterstid
Kanskje gjekk dei her på ski

Får minner om det som kunne blitt som ein gong var litt mitt
Vage ord frå ei slekt i drift kanskje var det alt då gitt
Ei kvinnehand stryk minnet bort og tryllar fram litt sol
Stryk vonde stengsler vekk og bort då vi to nærmar oss Gol

Å reise langs ein fjord i Hol på veg mot det som var
Å reise langs ein fjord i nord på leit etter ein far
Med gamle gener etter seg eit råk av DNA
Ein hale kveikt av tidlaus brunst slik bygdefolket sa



Credits
Writer(s): Dag Nestegard
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link