Morgonsong

Det er dagar kor ein tanke viser veg inn i eit land
Han leier meg til høge fjell og ein himmel som i brann
Og når eg trøytt og sliten vandrar ned med det eg fann
Ligg ein sommarkveld fortøydd og stilla skvulpar mot ei strand

Men nokre dagar fell det tankar ned frå himmel grå
Og duld er alt det vakre som eg ein gong kunne sjå
Og når eg trøytt og sliten prøver reise meg og gå
Ligg ein morgondag forlist og sokken djupt ned i det blå

Det er som tida er eit hjul som ingen stogge kan
Ho fer igjennom rom og stad og dreg med seg einkvan
Og trøytte slitne stemmar syng ut songar til eit namn
Som sa at dei som sørgjer ville finne fred hos han

Eg heller kaffi i ein kopp og høyrer fottrinn ovanpå
Som orkesteret ber dei dagen trekke sceneteppet frå
Eg står her trøytt og sliten men eit håp trenger seg på
Kjenner varmen frå ein morgon som kjem mot meg utanfrå



Credits
Writer(s): Sven Fjelde
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link