Taxi

Eg vil ikkje gå og halde deg i handa no i kveld
Du får halde den aleine lite grann
Eg vil flyte rundt i laget, eg vil svara for meg sjølv
Som eg vil, og med dei orda som eg kan
Ja, som eg vil, og med dei orda som eg kan
Eg vil ikkje stå med deg med aperitiff og vera eitt
Og snakke som ein representasjon
For styret i vår relasjon
Gå litt her aleine
Som me begge var då
Me var unge og frie
Og du var den eg tenkte på
La meg få ver' denne eine
Som for eige kan stå
Men når kvelden er over
Og alle reiser herifrå
Får eg ein taxi, vil du sitje på?
Eg vil ikkje berre stå ved deg og nikke og ver' blid
Til alt det som kjem ut ifrå din munn
Du får prøve dine vitsar utan å halde deg i meg
Nei, eg greier meg aleine her ei stund
Ja, eg greier meg aleine her ei stund
Og eg vil gjerne danse
Og det vil ikkje du!
Du vil sitje med ein gjeng der i ein krok
Og mimre om ein tur de tok
Gå litt her aleine
Som me begge var då
Me var unge og frie
Og du var den eg tenkte på
La meg få ver' denne eine
Som for eige kan stå
Men når kvelden er over
Og alle reiser herifrå
Får eg ein taxi, vil du sitje på?



Credits
Writer(s): Kare Chr Vestrheim, Odd Nordstoga
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link