Eg kan ta helg (feat. SICO)

Med eit hei og ein klem, du seier takk for sist
Så gir du meg jakka
Er den mi? Eg burde visst
Bilen står klar, vi skal visst ut på tur
Så tek du meg i handa, du er nok den eg trur

Epla dei er modne, hjortane er felt
Sauene er henta heim, og dei er ferdig telt
Kyrne dei er mjølka, elevane er gått heim
Butikken den har sonen vår stengt, så du kan godt ta helg

Med ein klem og hadetbra, følger du meg inn
Den kulda som eg kjende er no ein sommarvind
Frå tida i Paris langs Grand Boulevard
Når du tek meg i handa, er eg den eg var

Eg høyrer epla dei er modne, hjortane er felt
Sauene er henta heim, og dei er ferdig telt
Kyrne dei er mjølka, elevane er gått heim
Butikken den har sonen vår stengt
So eg kan godt ta helg
Ja, eg kan godt ta helg



Credits
Writer(s): Steinar Engelbrektson, Simen Aabrekk
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link