Det e då

Eit stille mørke og eg kan kjenne
Ein lengsel inn i meg
Å vere einsam blant mange vener
Det er slik når eg saknar deg

Eg høyrer regnet so mjukt mot ruta
Ein enkel melodi
Den tek meg med til ei draumeverd
Ein annan stad ei anna tid

Det e då eg får kvile det er då eg får ro
Då kan draumane gje meg det som avstanden tok
Då er då eg kan kjenne varmen fra deg
Det e då det er godt det er då

Mørke svinner og dagen vaknar
Kjenne varmen inn i meg
Draumen viste kva eg sakna
Snart er eg på heimatt veg

Det e då eg får kvile det er då eg får ro
Då kan draumane gje meg det som avstanden tok
Då er då eg kan kjenne varmen fra deg
Det e då det er godt

Det e då eg får kvile det er då eg får ro
Då kan draumane gje meg det som avstanden tok
Då er då eg kan kjenne varmen fra deg
Det e då det er godt det er då



Credits
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link