Kyrie

Du låg skjelvande av angst på kne og
Svetten rant som blod
Og venene du hadde med
Dei sov i største ro
Dei svikta då du trengte dei
Du hadde gitt dei alt
Dei valde minste motstands vei
Og svikta då det gjaldt

Og eg har tenkt
Det sko 'kje eg ha gjort
Eg sko ha kjempa saman med deg
Holdt rundt deg og tørka svetten bort
Gjort ka eg kunne for å gle deg

Dei dømde deg te død og pine
Spotta deg og lo
Og ein av dei du kalla dine fornekta og bedro
Han svikta då du trengte han
Du hadde gitt ham alt
Han var ein veik og vesal mann
Som svikta då det gjalt

Og eg har tenkt
Det sko 'kje eg ha gjort
Eg sko ha kjempa saman med deg
Holdt rundt deg og tørka svetten bort
Gjort ka eg kunne for å gle deg

Men eg vet at eg og svikte
Fornekte og bedrar
Eg gjer'kje det eg vet eg plikte
E hjertelaus og hard
Likasel for andres nød
Ofte blind for venners sorg
Ka bryr det meg dei andres død
Min kulde e så fast ein borg

Likavel e du lika glad i meg
Tilgir meg alle feilå mine
Stille tar du kappå di av deg
Og tar te å vaske beina mine

Kyrie Eleison
Kyrie Eleison
Åhh
Kyrie Eleison
Kyrie Eleison
Kyrie Eleison
Kyrie Eleison
Eleison
Eleison



Credits
Writer(s): Dp, Franz Joseph Haydn, Mary Earlene Rentz-turner
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link