Det Hev Ei Rose Sprunge

Det hev ei rose sprunge
ut av ei rot så grann,
som fedrane hev sunge
av Isais rot ho rann.
Og var ein blome blid
midt i den kalde vinter
ved mørke midnatts tid.

Om denne rosa eine er
sagt Jesaja ord,
Maria møy den reine
bar rosa til vår jord.
Og Herrens miskunns makt

det store under gjorde

som var i spådom sagt.

Guds rose ljuvleg angar
og skin i jordlivsnatt.
Når hennar ljos oss fangar,
ho vert vår beste skatt.
Me syng i englelag:
No er det fødd ein frelsar,
og natti vart til dag.



Credits
Writer(s): Michael Praetorius, Peter Hognestad, Trond Lien
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link