Valle Auto & Bensin

Å, eg fann ei vakker jente nedi Setesdal
Ho sto vakt på Valle Auto & Bensin
Ho lo til meg så eg blei både heit og kald
Og eg spurde, vil du vere venen min?
Men ho svara at, eg er nok ikkje fri
Eg har ein som eg vil elske all mi tid
Det er ei fele lagt i handa på ein spelemann
Som kan spele slik som berre setesdølar kan

(Og særleg om han spelar Sordølen, da)

Og kvar laurdag må eg høyre på min kavaler
Men du kan vel også følgje med?
Eg blei svartsjuk og sa, eg vil'kje ha det der!
Denne fela der skal jaggu halde fred!
Og så satt eg med gitaren på mitt kne
Og eg øvde trutt og talde, ein to tre
Og då helga kom så sa eg, Snille jenta mi
No skal eg få spela danselåta di!

(Og så spelte eg Sordølen, da)

Men ei jente er'kje betre nedi Setesdal'n
For ho visste ikkje kven ho ville ha
Og slik er det med ei jente som er dansegal' n
Ho kan like gjerne svare nei som ja
Så no sitt vi her og spelar både to
Og ute der på golvet sviv' e ho!
Og i morgan som ho søv den beste svevnen sin
Må eg stå vakt på Valle Auto & Bensin



Credits
Writer(s): Lillebjørn Nilsen
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link