Eit Eventyr
Det kom siglande frå havet
Ei møy med sølvklårt mål
Og skodda kverv bort der ho for
Ho bar eld i sine armar og tendra tusen bål
Som lyste opp vår vintermørke jord
Ho breidde ut eit teppe av glitrande gull
Og strøydde av eit sølvstaup med blomar
Ho stillte rein si harpe og spela skogen full
Av tonar for ein gryande sumar
Ho spela slik at bekken song til hennar tonetrill
Og dyr og fivreld vakna opp ved gry
Og då ho slo si harpe sund kom alle fuglar til
Og fanga hennar tonar opp mot sky
Til slutt ho fann ei bølgje blå
Og drog her frå ved natt
Med perledogga krusa hennar hår
Men alt ho hadde med seg
Det let ho vera att
Gåva hennar det er sol og vår
Vi skal plukka hennar blomar
Og skoda hennar bål
Og bruka hennar tonar i vår song
Til dess ho kjem attende hit
Med stormbrus i sitt mål
For å henta sine blomar att ein gong
Ei møy med sølvklårt mål
Og skodda kverv bort der ho for
Ho bar eld i sine armar og tendra tusen bål
Som lyste opp vår vintermørke jord
Ho breidde ut eit teppe av glitrande gull
Og strøydde av eit sølvstaup med blomar
Ho stillte rein si harpe og spela skogen full
Av tonar for ein gryande sumar
Ho spela slik at bekken song til hennar tonetrill
Og dyr og fivreld vakna opp ved gry
Og då ho slo si harpe sund kom alle fuglar til
Og fanga hennar tonar opp mot sky
Til slutt ho fann ei bølgje blå
Og drog her frå ved natt
Med perledogga krusa hennar hår
Men alt ho hadde med seg
Det let ho vera att
Gåva hennar det er sol og vår
Vi skal plukka hennar blomar
Og skoda hennar bål
Og bruka hennar tonar i vår song
Til dess ho kjem attende hit
Med stormbrus i sitt mål
For å henta sine blomar att ein gong
Credits
Writer(s): Vidar Eldholm Olsen, Aslaug Lastad Lygre, Linda Fosse Hagen
Lyrics powered by www.musixmatch.com
Link
© 2024 All rights reserved. Rockol.com S.r.l. Website image policy
Rockol
- Rockol only uses images and photos made available for promotional purposes (“for press use”) by record companies, artist managements and p.r. agencies.
- Said images are used to exert a right to report and a finality of the criticism, in a degraded mode compliant to copyright laws, and exclusively inclosed in our own informative content.
- Only non-exclusive images addressed to newspaper use and, in general, copyright-free are accepted.
- Live photos are published when licensed by photographers whose copyright is quoted.
- Rockol is available to pay the right holder a fair fee should a published image’s author be unknown at the time of publishing.
Feedback
Please immediately report the presence of images possibly not compliant with the above cases so as to quickly verify an improper use: where confirmed, we would immediately proceed to their removal.