Nyttårsbarnet
Når eit nytt år blir født går det veer av vind
Ut frå Afrikas kyster mot nord
Og når riene stig går eit nordlys i spinn
For å svale ei blivande mor
Når eit nytt år blir født går Mor Tid ned på rygg
Ho er sliten og trøtt, ho er arret og stygg
Men ho stoler på jordmora, utan å kny
Ber ho barnet sitt fram med ein himmel til ly
Sjå ho legg det i bleier, ho tar det til bryst
Det skal die og sove i fred
Og kanonane stilnar ved ufredens kyst
Der soldaten legg våpnet sitt ned
Og frå vår krok går vi fram til vogga og ser
At det liknar på mor si som spedbarna gjer
Og vi tar det på armen og ber det til dåp
I vårt stillaste sinn der det enno er håp
Hør no syng det ei babusjka aust i Moskva
Og ei Grandmother i Washington
Begge syng over vogga, dei syng like bra
Om den jorda vi deler på lån
Sjå no smiler eit barn gjennom fakter og ord
Så vi trur i eit glimt på ei grenselaus jord
Og eit lys slår i mot oss frå Afrikas bål
Når vi løfter vårt timeglas stille til skål

Credits
Writer(s): Geirr Lystrup
Lyrics powered by www.musixmatch.com
Link
Other Album Tracks
© 2024 All rights reserved. Rockol.com S.r.l. Website image policy
Rockol
- Rockol only uses images and photos made available for promotional purposes (“for press use”) by record companies, artist managements and p.r. agencies.
- Said images are used to exert a right to report and a finality of the criticism, in a degraded mode compliant to copyright laws, and exclusively inclosed in our own informative content.
- Only non-exclusive images addressed to newspaper use and, in general, copyright-free are accepted.
- Live photos are published when licensed by photographers whose copyright is quoted.
- Rockol is available to pay the right holder a fair fee should a published image’s author be unknown at the time of publishing.
Feedback
Please immediately report the presence of images possibly not compliant with the above cases so as to quickly verify an improper use: where confirmed, we would immediately proceed to their removal.