Det som varer

Eg er ein som leitar
og stundom ein som finn
men for å ta det fram att
må eg tøyme tanken min

Kva heiter det som varer
kva heiter vel det som varer

Du kan vera tvilar
hell kanskje ein som veit
Men når du trur du har det
legg du atter ut på leit

Kva heiter det som varer
kva heiter vel det som varer

Eg er ein som drøymde
og draumen den vart sann
eg grov så djupt i minnet mitt
og fann eit framandt land

Kva heiter det som varer
kva heiter vel det som gror
kven er han eg fylgjer
i mine eigne spor
kva heiter det som varer
kva heiter det som gror
kva heiter det som varer

Og går eg i det landet
mangt rart og vakkert der
så undrast eg og veit eg det
har alltid vori her

Kva heiter det som varer
kva heiter vel det som gror
kven er han eg fylgjer
i mine eigne spor
kva heiter det som varer
kva heiter det som gror
kva heiter det som varer



Credits
Writer(s): Alf Ekholm, Stein Versto
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link