23. Desember

Straumen gjekk i huset i dag
Femten minutt og det var kaldt som faen
Far min forbanna Hallingdal kraftlag
No står eg her åleine med eit ved lag

For her i skålen feirar eg
Her er det fint, her er det fred
For her i skålen feirar eg
Eg svingar øks og kløyver ved

Inne pyntar dei juletre
Mens dei startar verdskrig tre
Jævlig koseleg med familieliv
Er nervevrak etter systera mi sitt psykopati

For her i skålen feirar eg
Her er det fint, her er det fred
For her i skålen feirar eg
Eg svingar øks og kløyver ved

Kanskje eg skulle blitt her til over nyttår
Kontemplert på stubben og sleppt alt bråk
Men eg er redd at mor mi snart får slag
Får gå inn til ho og seie at alt går bra

For her i skålen feirar eg
Her er det fint, her er det fred
For her i skålen feirar eg
Eg svingar øks og kløyver ved

For her i skålen feirar eg
Her er det fint, her er det fred
23.desember her er eg
Eg svingar øks og kløyver ved



Credits
Writer(s): Daniel Kvammen
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link