Suddeli

På syttitalet kjøyrde me moped på fri eksos, ein gamal Puck mæ trøpedalar og utta ljos.
Haustmørke kveldar på ein grusveg mæ stabbestein, Halvor kjøyrde - eg sat på tankjen og bakpå satt vesle Svein.

På syttitalet va det fest på lokale, alle va fulle - det va det som va det normale.
Va du konfirmera kom du inn å fekk ein førsmak på livet.
Nøken sloss, og andre grein, mest litt surrealstisk å beskrive

På syttitalet va det bærre ein kanal på fjernsynet, finsk fjernsynsteater, de va ein av favorittane mine.
Der såg me galninger og nakne følk badstøga, va litt spenstigare enn det me hadde lese om i bibelsoga

På syttitalet høyrde me på all slags musikk.
Det einaste som va ut, va gammaldans og felegnikk.
Så kom Sex Pistols mæ God Save The Queen, sø kom blitshuset og rampen, og slagsmål i byen.

På syttitalet, me va ikkje heilt normale, me va sø radikale - me ville vera fri!
På syttitalet, va det mykji som gjekk gale, det va upprør og skandale - det va ei herleg tid!

På syttitalet va det palestinaskjerf og fotformsko
Kvinnefront, mjuke menn og mykje som me ikkje forstod
Det blei forbudt å reklamere fe øl og tobakk
det blei påbudt med sikkerhetsbelte, va lurt hvis sjåføren drakk

På syttitalet sø kan man bli husbank hus mæ bittesmå kjøkken.
Platåsko, slengbuksur og eit kondom som heitte nøkken.
Abortløv og nøkken, ja det lika følk flest.
Enden er nær sa mang ein skinnheilag prest.

På syttitalet, me va ikkje heilt normale, me va sø radikale - me ville vera fri!
På syttitalet, va det mykji som gjekk gale, det va upprør og skandale - det va ei herleg tid!

På syttitalet va det mange som budde på gard
Men ungdomane ville ikkje bli bonde slik som far
Dei ville ut å sjå verden, men kom sjelda veldig langt
Kjøyre lastebil og gravemaskin, det va mykje meir interessant

På syttitalet, sø blei det løv å vera homofil
Va nesten like ille, sa far, som at jentun kjøyrer bil
Det blei tiåret som tok eit uppgjer med gamal tradisjon
Det blei starten på verdens beste nasjon.

På syttitalet, me va ikkje heilt normale, me va sø radikale - me ville vera fri!
På syttitalet, va det mykji som gjekk gale, det va upprør og skandale - det va ei herleg tid!



Credits
Writer(s): Edvin Loftsgarden
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link