Oslo Melancholy

DEN NORSKE SUMAREN

Havet ligg i natti
blåsvarte tonar

Ein ser svane
sankar skjel

Ein ser hegre
brenner bål

Liner glid
til himmels

Soli vart kaldare
enn månen

Dagen vart raud
um munnen

Dine varme
små hender

heldt meg
i regnet

Um hausten lyfter ein sumaren
upp or havet, drypande

pakkar honom i presenning
til soli kjem att



Credits
Writer(s): Lars Are Nedland, Cornelius Jakhelln
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link