Det hev ei rose sprunge

Det hev ei rose sprunge
ut av ei rot so grann,
som fedrane hev sunge
av Jesse rot ho rann.
Og var ein blome blid
midt i den kalde vinter
i myrke midnatts tid.
Om denne rosa eine
er sagt Jesajas ord,
Maria møy den reine
bar rosa til vår jord.
Og Herrens miskunns makt
det store under gjorde
som var i spådom sagt.
Og rosa ljuvleg angar
og skin i jordlivs natt.
Når hennar ljos oss fangar,
ho vert vår største skatt.
Me syng i englelag:
No er det fødd ein Frelsar,
og natti vert til dag.



Credits
Writer(s): Dp Dp, Peter Hognestad, ?ystein Lund Olafsen
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link