Ein Kveld Etter Regn

I ein krok i mi sjel
Mumlar usagde ord
Der fell dropar av blad
Der fell vinden til ro
Og eit grasstrå har reist seg
Så lyset kjem til
Der ein fot vart sett ned
Ein kveld etter regn

Der ein skugge forsvann
Stilnar samtalen av
Vil du finne meg no
Ikkje vent på eit svar!
Du skal kjenne ein pust
Frå ein gråtande skog
Du skal vandre deg vill
Ein kveld etter regn

Når du veit kvar eg var
Vil du sjå eg er reist
Når du følgjer mitt spor
Kjem du alltid for seint
Du må vente ein stad
Der eg kanskje kjem fram
Under krypande blad
Ein kveld etter regn



Credits
Writer(s): Edvard Hoem, Eystein Matheussen
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link