Andedrag

For kvart eit andedrag
For kvart eit hjarteslag
Kvart eit band du bryt
Hjartepil du skyt
– vil eg vakta deg

For kvar ein soloppgong
For kvar ei lygetrong
Kvart eit spel på gong
Kvar ein nattesong
– vil eg vakta deg

For berre du
Er mi eine, du
Eg er smerta vár
For kvart eit steg du tar

For kvart eit hofteskot
For kvart eit lovnadsbrot
Kvar falsk latterlåt
Krav du seier er vårt
– vil eg vakta deg

Då du gjekk, stod eg att utan eit ord
Eg drøymer natt etter natt om dine andletsspor
Eg vil leita, men eg skjønar ikkje kor
Eg er så kald, og eg lengtar til di jord
Høyr kor eg ber deg, ber deg, høyr meg
Høyr ...

For berre du
Er mi eine, du
Eg kjenner smertejag
Med dine andedrag

Kvart eit ord som fell
Kvart eit ord du held
For kvart andedrag
Kvart bylgjeslag
– vil eg vakta deg

For kvart eit hofteskot
Kvart eit lovnadsbrot
Kvar falsk latterlåt
Krav du seier er vårt
Kvar ein soloppgong
Kvar ei lygetrong
Kvart eit spel på gong
Kvar ein nattesong
Kvart eit andedrag
Kvart eit hjarteslag
Kvart eit band du bryt
Hjartepil du skyt
Kvar ein soloppgong
Kvar ei lygetrong
Kvart eit spel på gong
Kvar ein nattesong



Credits
Writer(s): Gordon Matthew Sumner, Kjell Inge Torgersen
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link