Aks av gull

Du vil hugsa meg når ein vestavind
Stryk dei gylne aksa
Du lar sol ver' sol, der ho skin sjalu
Mens me går i gylne enger

Ho tok sin kjære med for å sjå ei stund
På dei gylne aksa
I hans mjuke famn sank ho ned, og han
– han blei ei gyllen eng

Eg gav aldri lovnader lett, eg
Og det har vore nokre eg braut
Men eg lover: av dagane igjen
Skal me gå blant aks av gull
Me går blant aks av gull

Vil du bli hos meg? Ver min kjære, du
Her blant dei gylne aksa
Me lar sol ver' sol, der ho skin sjalu
Mens me ligg i gylne enger

Kjenn på vestavind' – som ein elskar stryk han
Mjukt dei gylne aksa
Hennar kropp stig opp når de kyssar løynd
Uti ei gyllen eng

Eg gav aldri lovnader lett, eg
Og det har vore nokre eg braut
Men eg lover: av dagane igjen
Skal me gå blant aks av gull
Me går blant aks av gull

Mange år har gått si' den sommarsdag
Der blant dei gylne aksa
Sjå kor borna spring der mens sol går ned
Uti ei gyllen eng

Du vil hugsa meg når ein vestavind
Stryk dei gylne aksa
Du kan sei' til sol, der ho skin sjalu
At me gjekk blant aks av gull



Credits
Writer(s): Gordon Matthew Sumner, Kjell Inge Torgersen
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link