Tiggarprinsen

Då eg var ein ung prins, verda for mine føter var alt eg kjente
Urørt natur i hagen min var umulig å krenke
Men så urolig til sinns over alt der ute i verda som venter
Uvissheit om alt som finst blei som mine lenker

Så då kledde eg meg i filler for å prøve meg som uteligger
Eitt nytt liv på gata der eg blei både oversett og hata

I hatten min la dei hån og i einsamheita la dei igjen forlatt
Orda som eg før aldri sa hadde no mista si makt
Ein ugjenkjennbar kongsson fortapt i ei leiting etter fortapelsens legande skatt
Så eg såg meir håp i ei mørk vinterskogs natt

Med eitt blindt steg la eg ut på ein heilt mørklagt veg
Med lyset vekk var det som å stå iro sjølv om eg gjekk

Håpet tent i karmen på ei hytte
Vandringslausheit slutt
Tåke legg seg over byens lykter
I lys har lys blitt skjult

Då eg hadde gått langt og eg var så kald at eg begynte å svette
Ein svart og slimete substans som lukta brent tjære
Først gjekk eg tom, og så blei eg kval, eg kasta opp så mykje eg trudde eg skulle lette
Mens eg sank i kvikksand eg ikkje lengre klarte å bære

Men så kraup daggry over taket på lindrande ly
Eitt syn sett rett gjennom regnbogens eigen fargepalett

Håpet tent i karmen på ei hytte
Vandringslausheit slutt
Tåke legg seg over byens lykter
I lys har lys blitt skjult
Eg såg våpen lagt ned for så å beskytte
Hjort som før blei skutt
Bylarm ebbar ut og alle lytter
Til ein fredssalutt



Credits
Writer(s): Sondre Jensen
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link