Ver Du Min Styrke

Eg står her klar i stakk og krune
Han far han leiar meg mot deg
Småjenta til mor har reint forsvunne
Eg har blitt stor, skal gifte meg
Med deg

Hmm
Hmm

Kvar dag til no har vore frampeik
Kvar dag har peika fram mot no
Du ser mot meg så full i kjærleik
Brur og brudgom er vi to

Eg held rundt deg når du treng det
Du held rundt meg når det trengst

Ver du min styrke som bles over fjellet
Eg gjev deg ly i storm og blest
Og fønvinden syng deg det eg vil fortelje
At det er deg eg elskar mest

Ein ring på kvar vår finger
Kyrkjeklokker ringer
Kvelden vi møttes, så spurte eg
Kan eg by deg til dans?
Du tok handa mi og vingla litt
Men du såg på meg som om ingen annan fanst

Ifrå no til evig tid
Er du og eg blitt vi

Ver du min styrke som bles over fjellet
Eg gjev deg ly i storm og blest
Og fønvinden syng deg det eg vil fortelje
At det er deg eg elskar mest

Så dans med meg, du veit du kan det
Eg dansar med deg, alt eg kan

Ver du min styrke som bles over fjellet
Eg gjev deg ly i storm og blest
Og fønvinden syng deg det eg vil fortelje
At det er deg eg elskar mest

Dans med meg inn i vår bryllaupsfest
Dans med meg inn i vår bryllaupsfest
Dans med meg inn i vår bryllaupsfest



Credits
Writer(s): Elisabeth Gimmestad
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link