Menn I Bunad

Det er 17. mai, eg tek finstasen på
Mannjen pressar seg inn i dressen sin så lilla og blå
Den var ny då til bryllaupet, men når var no det?
Han har lagt seg heilt ut, så du kan seie ka du ve

Eg skal ut, gå i tog, eg skal stirre
Fryde meg og le, ja, la meg pirre!

Sekkeløp og flagg og riktig dugnad
(Hurra! Hurra!)
Hipp hurra og hoi og for ein hugnad
(Hurra! Hurra!)
Dette er mitt liv, det er min lagnad
Hjertet mitt det pumpar og det slår
Ser du der, kor dei er lekre når dei går
Menn i bunad!

Det er 17. mai, eg skal ha meg ein is
Mannjen bør glatt stå over etter år som sofagris
Men han hiv seg over kandissukker, pølse med alt
Og det minner meg om livet vårt og alt som har gått galt

Eg skal ut, gå i tog, eg skal flørte
Fryde meg og vifte litt med skjørtet!

Sekkeløp og flagg og riktig dugnad
(Hurra! Hurra!)
Hipp hurra og hoi og for ein hugnad
(Hurra! Hurra!)
Dette er mitt liv, det er min lagnad
Hjertet mitt det pumpar og det slår
Ser du der, kor dei er lekre når dei går
Menn i bunad!

Det var 17. mai då i 1983
Ein kar i bunad hadde dumpa meg, eg grein litt over det
Då kom mannjen min og sette seg ved sida der eg sat
Og sjølv i dress så var han flott og eg vart veldig fort betatt

Eg skal ut, gå i tog, promenere
Vere glad for det eg har, prioritere!

Sekkeløp og flagg og i sitt ess
(Hurra! Hurra!)
Hipp hurra og hoi og ingen stress
(Hurra! Hurra!)
Er då menn i bunad noko tess?
Hjertet mitt det pumpar og det slår
Ser du no kor glad han ved mi side går
Min mann i dress!



Credits
Writer(s): Elisabeth Gimmestad
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link