Grendahusvalsen
No er granbaret strødd på trammen, no er dukane lagt på bordet
No er godtfolk og alle sammen ønskt velkomen, og no syng koret
Syng om lerka, syng om våren, så ein gråstein kan ta te tåren'
Det er stemning, det er laurdag, og det er grendelagsfest
Og ho Gunnhild og Mari hass Jo
Står som vanleg på kjøkenet no
Smører skiver og legg dei på fat
Så det blir til kaffimat
No kan Olav gå fram på scena og lesa diktet han sjøl har dikta
No syng Astrid om Skjøn Helena som var trufast men som blei svikta
Og Johansen den galne skrotten kjem med skrøner og får opp låtten
Så kan alle synge saman og dra stolen til bords
Og ho Gunnhild og Mari hass Jo
Kjem i bunad og låghæla sko
Og kan dele ut egg og ansjos
Og litt søtt til kaffikos
Og når alle har nok i magen då kan kvendi få ta av bordet
Men før karane ryddar salen vil han Olav få be om ordet
Han vil sei litt om mat og bite, og til dei som har bakt og slite
Vil han gje eit takk for maten med ein kraftig applaus
Og ho Gunnhild og Mari hass Jo
Dei er glad dei iallfall er to
Som kan dele på bifallets brus
Før dei gjeng og vaskar krus
Og i såpe og lunka vatn blir det blåe seviset turka
Dei kan høyre den glade skratten frå ein toraden med masurka
Men når dei to vil prøve dansen og få svingt litegrann på svansen
Då er siste leiken låten, og det var damenes vals
Og så må Gunnhild og Mari hass Jo
Køyre gubben sin heim og til ro
Og når me skal ha fest her på ny
Veit me kven me helst kan bry

Credits
Writer(s): Geirr Lystrup
Lyrics powered by www.musixmatch.com
Link
© 2024 All rights reserved. Rockol.com S.r.l. Website image policy
Rockol
- Rockol only uses images and photos made available for promotional purposes (“for press use”) by record companies, artist managements and p.r. agencies.
- Said images are used to exert a right to report and a finality of the criticism, in a degraded mode compliant to copyright laws, and exclusively inclosed in our own informative content.
- Only non-exclusive images addressed to newspaper use and, in general, copyright-free are accepted.
- Live photos are published when licensed by photographers whose copyright is quoted.
- Rockol is available to pay the right holder a fair fee should a published image’s author be unknown at the time of publishing.
Feedback
Please immediately report the presence of images possibly not compliant with the above cases so as to quickly verify an improper use: where confirmed, we would immediately proceed to their removal.