Rypepolka
No brenn det haust i li, no er fjør og fauna i fare
Olav han gløymer infarkten frå i fjor
Han ladar opp med krut og ein tår av hederleg vare
Kåt som ein katt ligg n flat i urda etter rypespor
Rypene baksar, garpar og flaksar
Over berg og finne
Olav han tråvar, trakkar og snåvar
Brenner av i blinde
Rypene rømer, Olav han tømer
Hagl i lyng og mo
Men flyg berre flyg, du rype, eg får sausen og den er god
Det stig ein vind frå nord, den råkar Olav i hjartet
Hau, det er haust, men du spør om Olavs vår
Då var det gaste liv, ja då var det jegar og kar te
Då var det dans, og der var han etter rypa som ein mår
Ja, då var 'n støvar, frekk som ein røvar
Heit av laurdagsknerten
Jentene dansa, hu som dei svansa
Rundt med vals i stjerten
Då hadd 'n mange jenter i fanget
Ei natt eller to
Men flyg berre flyg, du rype, eg fekk sausen og den var god
Han Olav dreg seg heim, sjøl om fangsti heller er mager
Heim til ei kjering som feller gamle fjør
Han Olav kan kje sei at den gamle røya er fager
Dreg på ein fot, og ho kaklar håst, ho er vel reint for mør
Men bakom det gråe, inn i det blåe
Bur ho i eit minne
Då var det kraft i, sevje og saft i
Detta kjeringskinnet
Dersom han myser, ser han det lyser
Mellom han og ho
Så gråt ikkje gamle rype, me hev sausen, og den er god

Credits
Writer(s): Geirr Lystrup
Lyrics powered by www.musixmatch.com
Link
© 2024 All rights reserved. Rockol.com S.r.l. Website image policy
Rockol
- Rockol only uses images and photos made available for promotional purposes (“for press use”) by record companies, artist managements and p.r. agencies.
- Said images are used to exert a right to report and a finality of the criticism, in a degraded mode compliant to copyright laws, and exclusively inclosed in our own informative content.
- Only non-exclusive images addressed to newspaper use and, in general, copyright-free are accepted.
- Live photos are published when licensed by photographers whose copyright is quoted.
- Rockol is available to pay the right holder a fair fee should a published image’s author be unknown at the time of publishing.
Feedback
Please immediately report the presence of images possibly not compliant with the above cases so as to quickly verify an improper use: where confirmed, we would immediately proceed to their removal.