Bestefar
No er det vår i eplehagen, du skulle vore med i valsen
No lyfter sevja sine safter ombord i gamle tre
Og trea heiser kvite segl og ber om groversbør
Så greiner som du eingong poda inn kan fylle sine slør
Bestefar – det gror av dine hender
Bestefra – dei gamle trea sender
Bestefar – eit brev med godlukt frå ein blomstringsdag
Bestefar – ta på deg arbeidskappa
Bestefar – kom ut på himmeltrappa
Bestefar – så dreg du inn eit salig magadrag
Kjenn det angar Signe Tillisch
Haugmann frir og sender våte slengkyss
Gravenstein med raude adamseple
Brusar i eit kor til Evas pris
Du sto med føtene på jorda, eit liv med planter, kvist og tynning
Men hausen lengta mot det høge, no er du der for visst
Sjøl har eg falle langt frå stammen, men endå kan eg sjå
Eit tre som veks seg inn i himmelen med kronårsavling på
Bestefar – plukk eple opp i lua
Bestefar – sorter dei inni bua
Bestefar – og gje Vårherre av den beste sort
Bestefar – hugs det kjem andre tider
Bestefar – så sett ein dunk med sider
Bestefar – i lystig lag går vinternatta fort

Credits
Writer(s): Geirr Lystrup, Arne Dagsvik
Lyrics powered by www.musixmatch.com
Link
Other Album Tracks
© 2024 All rights reserved. Rockol.com S.r.l. Website image policy
Rockol
- Rockol only uses images and photos made available for promotional purposes (“for press use”) by record companies, artist managements and p.r. agencies.
- Said images are used to exert a right to report and a finality of the criticism, in a degraded mode compliant to copyright laws, and exclusively inclosed in our own informative content.
- Only non-exclusive images addressed to newspaper use and, in general, copyright-free are accepted.
- Live photos are published when licensed by photographers whose copyright is quoted.
- Rockol is available to pay the right holder a fair fee should a published image’s author be unknown at the time of publishing.
Feedback
Please immediately report the presence of images possibly not compliant with the above cases so as to quickly verify an improper use: where confirmed, we would immediately proceed to their removal.