Onsdag

Det er onsdag over landet, det er onsdag i mitt liv
Det er onsdag i min kaffikopp og i mitt tidsfordriv
Det er onsdag i min søknad og i min kulepenn
Det er onsdag, alltid onsdag når eg får eit svar igjen

Kall det førtidspensjonering eller kall det sparken bak
Reduksjon og permittering, fine ord for same sak
Når du står der utan arbeid og veka går i stå
Då er onsdag, evig onsdag alt du har å lite på

Å, onsdag – kom deg ut av senga mi
Kjære onsdag – gje meg arbeid veka ut og helgefri

Ho tar kjolen på seg kjeringa med rouge og kjakekrem
Ho er stilig, og ho kysser meg på halsen der ho kjem
Ein laurdagskveld på byen, seier ho, er det som trengs
Nei så dæven, det er onsdag, svarar eg og går til sengs

Og eg drøymer om han Robinson som ikkje ville døy
Han som berga seg med Fredag på ei øde sydhavsøy
Men til øya mi kjem Onsdag, og han er kannibal
Han et meg sakte innafrå så tom som eit skal

Å, onsdag – kom deg ut av senga mi
Kjære onsdag – gje meg arbeid veka ut og helgefri

Inni luka på kommunen sit ein mann, uvanleg raus
Han smiler ut til køen, han er ikkje arbeidslaus
Han byr på ein pastill og seier: Sorry, gamle katt
Ingen jobb, men prøv i morgon, for då er det onsdag att

Og eg riv av nok ein onsdag og får ein glup idè
Om ein splitter ny kalender som kan bli ein stor suksess
Ein med svart i svart av onsdag, eine dagen andre lik
Og det blir jo fleir og fleir av oss, så eg blir sikkert rik – på ein

Onsdag – kom deg ut av senga mi
Kjære onsdag – gje meg arbeid veka ut og helgefri



Credits
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link