Ei Salme Om Dagen

Ei salme om dagen det skulle vel gå
For denne salmisten å skrive
Så sjela fekk noko å bryne seg på
Og heldt seg forsvarleg i live
Ei salme om dagen som trosten ved gry
Han har ikkje hang til å samle
Kvar lovsong han jublar er flunkande ny
Fordi han har glømt bort den gamle

Hør høvdingen frøgrana susar og syng
Ho strør sine vers ut i dagen
Der skogmusa pistrar og pip under lyng
Ja, alt har ein diktar i magen
Sjøl regnet mot steinen syng høgt trommelom
Og under det skjelvande lauvet
Spinn larven ei puppe og diktar seg om
Til fivreld – eit syn for Guds au'e

Ei salme om dagen skal Skaparen ha
Og blir det for smått på papiret
Då klatrar eg berget og ropar hurra
For alt som vil leve og spire
Der fyller eg sjela med himmel og vind
Og kviskrar med auene atte
At gudskjelov har eg då høgsongen din
Som du berre du kan forfatte



Credits
Writer(s): Geirr Lystrup
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link