Sei Frå

Eg såg deg kanhende
I auget til selen ein grønlender haka ombord
Eg såg deg kanhende
I tåra som skein hos ei lykkeleg bosnisk mor
I bøn frå ein muhammedaner
Som kalla frå sin minaret
I smilet til Dalai Lama
På kne for sitt tapte Tibet

Du sto der kanhende
Igjen på perrongen då eg hoppa på eit tog
Og glimtet i natta
Då vi strauk forbi var det lyset frå deg vi såg?
Ja fåglarne veit eg har leita
Frå inn i mi mørkaste krå
Til ut i den ytterste tåka
Av stjerner eit auge kan sjå

Sei frå
Sei frå
Sei frå om du reiser
Sei frå
Du veit at eg ventar
Sei frå om du reiser
Forbi ein gong

Du veit eg har svetta
Med stein og med spade og nære på sliti meg ut
Du veit eg har dansa
I sving og i ring til eg svimra og låg som ein klut
Og alt har eg gjort for å sjå deg
Og høyre det frå din munn
At livet eg lever har del i
Ditt evige gyldne sekund

Sei frå
Sei frå
Sei frå om du reiser
Sei frå
Du veit at eg ventar
Sei frå om du reiser
Forbi

Sei frå
Sei frå
Sei frå om du reiser
Sei frå
Du veit at eg ventar
Sei frå om du reiser
Forbi ein gong



Credits
Writer(s): Geirr Lystrup
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link