Prestens bok
No lyser bjørka kvit og grøn ved vegen
Ho gjer seg maivakker alt ho kan
For to som tenkjer seg til prestegarden
Det er han Tor og Inga Live hand i hand
Og Inga Live er litt klam i handa
Og Tor går tagal i si beste brok
For det er alvor når ein tar ut lysing
Og vil gå saman inn i Prestens Bok
Og presten duppar penn i svarte blekket
Og skriv dei inn med rette namn og år
Dei står jo båe der ein gong frå før av
Då dei var borne inn av mor og far til dåp
Ja her står høg og låg i heile bygda
Av alt som himlen gav og jorda tok
Frå dei kom te' og til den siste reisa
Ja alle skal dei inn i Prestens Bok
Og alle har dei vitja prestegarden
Og ikkje alt har presten skrive ned
Slik er det stelt med gamle tømmerveggar
Dei veit å lytte og dei teier så i fred
Og presten tek farvel med brureparet
Han er moralens mann, men såpass klok:
Han ser av Inga Lives høge mage
Snart kjem det fleire inn i Prestens Bok
Ho gjer seg maivakker alt ho kan
For to som tenkjer seg til prestegarden
Det er han Tor og Inga Live hand i hand
Og Inga Live er litt klam i handa
Og Tor går tagal i si beste brok
For det er alvor når ein tar ut lysing
Og vil gå saman inn i Prestens Bok
Og presten duppar penn i svarte blekket
Og skriv dei inn med rette namn og år
Dei står jo båe der ein gong frå før av
Då dei var borne inn av mor og far til dåp
Ja her står høg og låg i heile bygda
Av alt som himlen gav og jorda tok
Frå dei kom te' og til den siste reisa
Ja alle skal dei inn i Prestens Bok
Og alle har dei vitja prestegarden
Og ikkje alt har presten skrive ned
Slik er det stelt med gamle tømmerveggar
Dei veit å lytte og dei teier så i fred
Og presten tek farvel med brureparet
Han er moralens mann, men såpass klok:
Han ser av Inga Lives høge mage
Snart kjem det fleire inn i Prestens Bok
Credits
Writer(s): Geirr Lystrup
Lyrics powered by www.musixmatch.com
Link
© 2024 All rights reserved. Rockol.com S.r.l. Website image policy
Rockol
- Rockol only uses images and photos made available for promotional purposes (“for press use”) by record companies, artist managements and p.r. agencies.
- Said images are used to exert a right to report and a finality of the criticism, in a degraded mode compliant to copyright laws, and exclusively inclosed in our own informative content.
- Only non-exclusive images addressed to newspaper use and, in general, copyright-free are accepted.
- Live photos are published when licensed by photographers whose copyright is quoted.
- Rockol is available to pay the right holder a fair fee should a published image’s author be unknown at the time of publishing.
Feedback
Please immediately report the presence of images possibly not compliant with the above cases so as to quickly verify an improper use: where confirmed, we would immediately proceed to their removal.