Preste-Knut
Så mang ei rispe land og strand
Som renn i bygdekjeften
Ja, det er noko alle kan
Å drive gjøn med presten
Så mange spitord slengde ut
I viser slu og smarte
Men her er ei om Preste-Knut
Og ho kjem rett frå hjartet
Ja bygdesjela spenner vidt
Ho gull og gråstein femner
For alt som sprikar hit og dit
Var du ein fellesnemner
For folk er folk fekk du oss lært
Susanna fantekjering
Skal vera like vørd og verdt
Som Rasmus bondesværing
I kyrkja var du romsleg far
Med døra høg og open
Der tok du hand om brurepar
Der bar du oss til dåpen
Og preika di var stutt og god
Ja endå konfirmanten
Heldt augo oppe når du drog
Ei likning litt på kanten
Og stundom laut du gå med bod
Om sorg til etterlatte
Så tung ei bør å bera på
Ja det er vondt å fatte
Ved grava sto du hand i hand
Med dei som måtte lide
Du sto så tidt på gravens rand
Og sette ord på livet
No syng ei skjor eit avskjedsdikt
For Preste-Knut i tunet
Og ho har inga taushetsplikt
Ho ser han er i lune
I kveld ber Knut seg sjøl på fest
Menyen kjem frå polet
I kveld er Knut sin eigen prest
Heilt utan prestekjole
Som renn i bygdekjeften
Ja, det er noko alle kan
Å drive gjøn med presten
Så mange spitord slengde ut
I viser slu og smarte
Men her er ei om Preste-Knut
Og ho kjem rett frå hjartet
Ja bygdesjela spenner vidt
Ho gull og gråstein femner
For alt som sprikar hit og dit
Var du ein fellesnemner
For folk er folk fekk du oss lært
Susanna fantekjering
Skal vera like vørd og verdt
Som Rasmus bondesværing
I kyrkja var du romsleg far
Med døra høg og open
Der tok du hand om brurepar
Der bar du oss til dåpen
Og preika di var stutt og god
Ja endå konfirmanten
Heldt augo oppe når du drog
Ei likning litt på kanten
Og stundom laut du gå med bod
Om sorg til etterlatte
Så tung ei bør å bera på
Ja det er vondt å fatte
Ved grava sto du hand i hand
Med dei som måtte lide
Du sto så tidt på gravens rand
Og sette ord på livet
No syng ei skjor eit avskjedsdikt
For Preste-Knut i tunet
Og ho har inga taushetsplikt
Ho ser han er i lune
I kveld ber Knut seg sjøl på fest
Menyen kjem frå polet
I kveld er Knut sin eigen prest
Heilt utan prestekjole
Credits
Writer(s): Traditional, Geirr Lystrup
Lyrics powered by www.musixmatch.com
Link
© 2024 All rights reserved. Rockol.com S.r.l. Website image policy
Rockol
- Rockol only uses images and photos made available for promotional purposes (“for press use”) by record companies, artist managements and p.r. agencies.
- Said images are used to exert a right to report and a finality of the criticism, in a degraded mode compliant to copyright laws, and exclusively inclosed in our own informative content.
- Only non-exclusive images addressed to newspaper use and, in general, copyright-free are accepted.
- Live photos are published when licensed by photographers whose copyright is quoted.
- Rockol is available to pay the right holder a fair fee should a published image’s author be unknown at the time of publishing.
Feedback
Please immediately report the presence of images possibly not compliant with the above cases so as to quickly verify an improper use: where confirmed, we would immediately proceed to their removal.