Gode Gud

Gode Gud, ha takk for alt det vakre eg fekk sjå
Den maidagen tar eg vare på
I all mi tid på jord
Gode Gud, då vintermagre sauer dansa fram
På tunet i ein flokk av kåte lam
Der heggen sto i flor

Alt eg såg
Er smykke vel bevarte
I minnet og mitt prestefruehjarte

Gode Gud, for midt i flokken sto ein vakker mann
Han var så velskapt som det kan gå an
I livet å få te'
Gode Gud, som skapt for kvinneauget, i vårt tun
Sto nye paktaren så sveitt og brun
Og kløyvde bjørkeved

Øks i sol
Mot himmelen svingte kabben
Det song i hoggestabben
Når kabben fauk i to

Gode Gud, eg kjende meg som Lady Chatterley
I boka D. H. Lawrence skreiv på si:
Den nye paktaren
Gode Gud, du som for liv og lagnad har ein plan
Ver god og hjelp meg slik at vår roman
Kan få ein happy end

Alt eg såg
Er smykke vel bevarte
I minnet og mitt prestefruehjarte



Credits
Writer(s): Geirr Lystrup
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link