Wenche Med C
Eg rydda opp i skuffen her om dagen
Då fann eg att eit bilete av deg
Det var kje fritt eg kjende det i magen der eg sat
Då smilet ditt sto raudt og kvitt mot meg
Og håret bølga svart og mjukt som vatn
Og vi gjekk hand i hanske, hand i hand
Og eg var tjuge somrar, du var atten var det visst
Og vi gjekk saman fram mot Samarkand
Å, Wenche med c
Skal du aldri aldri gje meg hjartefred
Du sende eit smil
Ei brennande pil
Ho dirrar djupt i bringa mi
Å, Wenche med c
Skal du aldri aldri gje meg hjartefred
Kom hit med din sjarm
Kom hit gjer meg varm
Før alle somrar er forbi
Eg vedgår eg har svikta mang ein kjærast
Eg var ein gauk, eg ville vera fri
Og kjærlighet er noko som må lærast smått om senn
Og du blei beste lærarinna mi
Du spann eit nett av hemmelege teikn
I nettet sat ein vilt forelska gauk
Som flaksa yr og kåt i denne leiken tida ut
Og hang der som eit krek då dua strauk
Å, Wenche med c
Skal du aldri aldri gje meg hjartefred
Du sende eit smil
Ei brennande pil
Ho dirrar djupt i bringa mi
Å, Wenche med c
Skal du aldri aldri gje meg hjartefred
Kom hit med din sjarm
Kom hit gjer meg varm
Før alle somrar er forbi
Eg brende deg til oske her om dagen
Blant rekningar og anna gult papir
Men stadig kan eg kjenne det i magen no og då
At smilet ditt slår fram att som ein flir
Men sjøl om du forsvann då du var søtast
Og vi blir gamle folk på kvar vår veg
På gamleheimen kanskje kan vi møtast du og eg
Der skal eg be om same rom som deg
Å, Wenche med c
Skal du aldri aldri gje meg hjartefred
Du sende eit smil
Ei brennande pil
Ho dirrar djupt i bringa mi
Å, Wenche med c
Skal du aldri aldri gje meg hjartefred
Kom hit med din sjarm
Kom hit gjer meg varm
Før alle somrar er forbi
Ja, kom hit med din sjarm
Kom hit gjer meg varm
Før alle somrar er forbi
Då fann eg att eit bilete av deg
Det var kje fritt eg kjende det i magen der eg sat
Då smilet ditt sto raudt og kvitt mot meg
Og håret bølga svart og mjukt som vatn
Og vi gjekk hand i hanske, hand i hand
Og eg var tjuge somrar, du var atten var det visst
Og vi gjekk saman fram mot Samarkand
Å, Wenche med c
Skal du aldri aldri gje meg hjartefred
Du sende eit smil
Ei brennande pil
Ho dirrar djupt i bringa mi
Å, Wenche med c
Skal du aldri aldri gje meg hjartefred
Kom hit med din sjarm
Kom hit gjer meg varm
Før alle somrar er forbi
Eg vedgår eg har svikta mang ein kjærast
Eg var ein gauk, eg ville vera fri
Og kjærlighet er noko som må lærast smått om senn
Og du blei beste lærarinna mi
Du spann eit nett av hemmelege teikn
I nettet sat ein vilt forelska gauk
Som flaksa yr og kåt i denne leiken tida ut
Og hang der som eit krek då dua strauk
Å, Wenche med c
Skal du aldri aldri gje meg hjartefred
Du sende eit smil
Ei brennande pil
Ho dirrar djupt i bringa mi
Å, Wenche med c
Skal du aldri aldri gje meg hjartefred
Kom hit med din sjarm
Kom hit gjer meg varm
Før alle somrar er forbi
Eg brende deg til oske her om dagen
Blant rekningar og anna gult papir
Men stadig kan eg kjenne det i magen no og då
At smilet ditt slår fram att som ein flir
Men sjøl om du forsvann då du var søtast
Og vi blir gamle folk på kvar vår veg
På gamleheimen kanskje kan vi møtast du og eg
Der skal eg be om same rom som deg
Å, Wenche med c
Skal du aldri aldri gje meg hjartefred
Du sende eit smil
Ei brennande pil
Ho dirrar djupt i bringa mi
Å, Wenche med c
Skal du aldri aldri gje meg hjartefred
Kom hit med din sjarm
Kom hit gjer meg varm
Før alle somrar er forbi
Ja, kom hit med din sjarm
Kom hit gjer meg varm
Før alle somrar er forbi
Credits
Writer(s): Geirr Lystrup
Lyrics powered by www.musixmatch.com
Link
© 2024 All rights reserved. Rockol.com S.r.l. Website image policy
Rockol
- Rockol only uses images and photos made available for promotional purposes (“for press use”) by record companies, artist managements and p.r. agencies.
- Said images are used to exert a right to report and a finality of the criticism, in a degraded mode compliant to copyright laws, and exclusively inclosed in our own informative content.
- Only non-exclusive images addressed to newspaper use and, in general, copyright-free are accepted.
- Live photos are published when licensed by photographers whose copyright is quoted.
- Rockol is available to pay the right holder a fair fee should a published image’s author be unknown at the time of publishing.
Feedback
Please immediately report the presence of images possibly not compliant with the above cases so as to quickly verify an improper use: where confirmed, we would immediately proceed to their removal.