Songen Om Frigjæringa

Langt herfrå
Der ei ørkensol har svidd dei siste strå
Ligg ein frigjeringssoldat på speidarpost
I ei skorte oppi fjellet
Over han
Klaprar fiendens helikoptervinge fram
Men soldaten er parat
Bak ein stein legg han seg flat
Han er redda nok ein gong
Du og eg
Vi ser skuggen av han her på veggen vår
Vi kan høyre at det skremte hjartet slår
Han kjem brått så nær
Spør han oss
Kva veit vi to om å elske og å slåss
Kva veit vi om kjærlighet
Og om solidaritet
Vi som aldri har stått saman bak gevær
I eit land
Der ei stormakt har gått inn og stifta brann
Spring ei jente med gevær på armen fram
Til sin kjærast oppi fjellet
Hand i hand
Et dei risen som ho fint har stelt i stand
Her har desse to eit ly
Før ein farleg lyd av fly
Atter jagar henne bort
Du og eg
Vi ser skuggen av dei her på vår gardin
Sola vermer, det er deira sol som skin
Og gjer dagen klår
Ho og han
Dei er glade i kvarandre og sitt land
Deira solidaritet
Er ei sol på vår tapet
Dei er blitt ei sol for kjærligheta vår



Credits
Writer(s): Geirr Lystrup
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link