Samarkand
Då eg vakna strøymde morgonsola på meg
Gjennom glaset som sto ope kom ein vind
Lys og angar ifrå sommaren fekk nå meg
Og på puta var det avtrykk av ditt kinn
Og eg visste det i same stund eg vakna
Det var skjedd det som vi tala om iblant
Og eg håpar at du får alt det du sakna
Om du nokon gong når fram til Samarkand
Alle sommarstrenger skolv og kom så nære
I den songen som vi saman hadde hatt
Og eg prøvde ikkje rope på deg kjære
For eg visste at du aldri meir kom att
Vel var gråt og lange netter tungt å bera
Men eg håpar at du finn ditt draumeland
Så ein annan blir det aldri eg kan vera
Om du nokon gong når fram til Samarkand
Kvar eg vankar helsar alle ting ifrå deg
Gjennom streif av sol, i vindens sus kvar natt
Du er borte no, men endå er du hjå meg
Det du ga meg, det tek ingen frå meg att
Alt det vakraste som jorda her kan gje deg
Som ein blome, som eit fivreld i mi hand
Alt mitt hjarte eig av tru og lengt er med deg
Om du nokon gong når fram til Samarkand
Gjennom glaset som sto ope kom ein vind
Lys og angar ifrå sommaren fekk nå meg
Og på puta var det avtrykk av ditt kinn
Og eg visste det i same stund eg vakna
Det var skjedd det som vi tala om iblant
Og eg håpar at du får alt det du sakna
Om du nokon gong når fram til Samarkand
Alle sommarstrenger skolv og kom så nære
I den songen som vi saman hadde hatt
Og eg prøvde ikkje rope på deg kjære
For eg visste at du aldri meir kom att
Vel var gråt og lange netter tungt å bera
Men eg håpar at du finn ditt draumeland
Så ein annan blir det aldri eg kan vera
Om du nokon gong når fram til Samarkand
Kvar eg vankar helsar alle ting ifrå deg
Gjennom streif av sol, i vindens sus kvar natt
Du er borte no, men endå er du hjå meg
Det du ga meg, det tek ingen frå meg att
Alt det vakraste som jorda her kan gje deg
Som ein blome, som eit fivreld i mi hand
Alt mitt hjarte eig av tru og lengt er med deg
Om du nokon gong når fram til Samarkand
Credits
Writer(s): Thorstein Bergman
Lyrics powered by www.musixmatch.com
Link
© 2024 All rights reserved. Rockol.com S.r.l. Website image policy
Rockol
- Rockol only uses images and photos made available for promotional purposes (“for press use”) by record companies, artist managements and p.r. agencies.
- Said images are used to exert a right to report and a finality of the criticism, in a degraded mode compliant to copyright laws, and exclusively inclosed in our own informative content.
- Only non-exclusive images addressed to newspaper use and, in general, copyright-free are accepted.
- Live photos are published when licensed by photographers whose copyright is quoted.
- Rockol is available to pay the right holder a fair fee should a published image’s author be unknown at the time of publishing.
Feedback
Please immediately report the presence of images possibly not compliant with the above cases so as to quickly verify an improper use: where confirmed, we would immediately proceed to their removal.