Mo Aleine, Mo I Rana

Eg sit i restauranten på eit framandt hotell
Ein fredagskveld så evig langt mot nord
Orkestret frå Italia har låte ein vals
Og dansepara går til sine bord
Alle har dei hender som dei held kvarandre i
Hendene er kjælne som fuglar
Men mine hender har vinden sendt i veg
Dei er hos deg, hos deg deg deg
Dei er hos deg ein kveld i april
Eg er mo aleine
Mo i sjela
Mo i Rana – ein fredag i april
Mo aleine
Mo i sjela
Mo i Rana – ein fredag i april
Eg tenkte då eg reiste: du er fri som ein fugl
Så hoppa eg på toget og forsvann
No kjenner eg meg heimlaus som ein fugl utan bur
Så einsam som ei bikkje utan band
For alle har dei augo som dei held kvarandre i
Ser til dei er blinde og mette
Men mine augo har vinden sendt i veg
Dei er hos deg, hos deg deg deg
Dei er hos deg ein kveld i april
Eg er mo aleine
Mo i sjela
Mo i Rana – ein fredag i april
Mo aleine
Mo i sjela
Mo i Rana – ein fredag i april
Orkestret frå Italia har låte ein vals
Og eg slår lens for siste gong i kveld
Og du der heime ligg vel no i vår breie seng
Du trur at eg er ute på eit sprell
Men alle har eit hjarte som dei held kvarandre i
Held kvarandre varme i valsen
Og hjartet mitt det har vinden sendt i veg
Det er hos deg, hos deg deg deg
Det er hos deg ein kveld i april
Eg er mo aleine
Mo i sjela
Mo i Rana – ein fredag i april
Mo aleine
Mo i sjela
Mo i Rana – ein fredag i april



Credits
Writer(s): Geirr Lystrup
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link