Signe På Sentralen

Det heng ein tråd i lufti, han gjeng frå grend te grend
Han sleng så fritt i vinden, hot er det inni den?
Jau, den er full av ord, dei kjem frå sud og nord
Og alle ordi er på veg te Signes sentralbord
Og Signe på sentralen, ho pluggar ordi inn
Så folk fær sitje røda om allslags ver og vind
Signe kjenner deg, åja Signe kjenner meg
Og alle tis me Signe er grei og triveleg
Og verkjer du i magen så det berre riv og slit
Og doktar'n er 'kje heime, kan du berre ringe hit
For ho veit kvar han er nå og når han dreg derfrå
Ja Signe på sentralen finn alltid ut ei råd
Bå' veslebror og Besta dei plundrar fælt med tal
Men med sveiv på apparatet då blir det minder bal
Dersom elden sleikjer varm, hell hev Besta knekt ein arm
Då sveiver ho på Signe og Signe slær alarm
Om her gjeng film på laurdag eller var det måndag tru?
Om der er glatte vegjir, er klokka fem hell sju?
Ja du allting vita fær når du på tråden slær
For Signe på sentralen er okkos sekretær
I slutten på mi vise eg sei det beinast ut:
Om dei gav Signe sparken då blei her bygdesut
Dei sleikjer kon med prat om ein super automat
Det blei å få ein jønnkross der eingong hjarta sat!



Credits
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link