Eivinds Buss

No skranglar bussen hitetter vegen
Så oljegrusen og søyla skvett
Og vil du fylgje så ut med neven
Og hev du pæneng fær du billett
Her sit ho Anne på veg til skulen
Og by og bygdefolk som treng skjuss
Og Per si saubikkje ska te doktar
Men bakom rattet sit Eivind Buss

Og han må styre i smale svingar
Og han må bremse og ut og sjå
At spann og sekkjir og tung bagasje
Og gamle mennar kjem av og på
Det er forbodi å uro Eivind
Men Eivind plistrar så falskt han vil:
Pft pft pft
Så heile bussen blir stø og snill

Men her ein dag kom to fulle sellar
Dei sat og hikka og drakk konjakk
Så stal dei hatten av gamle Margjit
Og spydde oppi ein anorakk
Men Eivind kikra på skrå i speglen
Han gav dei avskil med brask og bram
"No fær de gange den siste mili
Så blir de edru te de kjem fram"

I sol og snofokk på glatte vegir
Langs hei og strendar kjem Eivind hit
Men i det siste hev tidstabellar
Gjort ruta meir te eit stress og slit
Når passasjerane slær ei skrøne
Sit ikkje låtten så laust som før
Og Eivind kranglar med born og kjering
Når han kjem heim att i kleint humør

Det er ein raklebuss Eivind køyrer
Eksosen lek både att og fram
Me krev at Billaget skaffar nye
Og ruta treng kje så stritt program!
For Eivind vil me behalde lenge
Du støttar grendi om du støttar han
Så syng den visa her mens du ventar
På Eivind Buss, okkos ferjemann



Credits
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link