Gro Vaskekjerring

Eg heiter Gro, eg hev ein mann
- adelide lade lei adelide lade lei -
Og Olav Post det heiter han
- adelide lade lide lade lei -

Kvar dag blir skulen like rein
Som eg blir skakk i rygg og bein

Ein kvit tornado er kje eg
Eg gnikar golvet steg for steg

Men kosten min den held eg på
For kjeringjobb er vondt å få

Nei, er det rart om jentun fer
Når gutar snautt finn arbeid her

Og finn ei kjering jobb på trass
Då fær kje ungan dagheimplass

Men i kommunen tygg dei drøv
Mens krav frå kvinnfolk samlar støv

No må me bruke skarpar lut:
Me feiar formannskapet ut!

No trengs det vaskekjering makt
Skal alt bli rett som før var skakt

Ja, detti er ein fillesong
- adelide lade lei adelide lade lei -
Eg dikta han når filla slong
- adelide lade lide lade lei -



Credits
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link