Brauti-Per

Nei, hot er det no eg ser
Jadden er det Brauti-Per
Som hev sett igang og ryddar tilleggsjord
Ein bulldosar balar i
Myr og stein, du slette tid
Blir det åker her som skogen sto ifjor?
Og ein stubbebrytar dreg
Seige røter ut or veg
Kjære Per, du hev visst gjengi frå forstand
For med gravmaskin og spett
Fer du fram så myri skvett
Men du må då bruke skolten litegrann

For du veit då det er sagt
Ifrå øvrigheit og makt
At dei gardan herikring skal leggjast ned
Bygdi ligg for høgt mot fjell
Drifti blir kje rasjonell
Me skal fore på tursitar ikkje fe
Nei, no hev fornuften køyrt
Er det sant det eg hev høyrt
Hev du teikna deg eit fjos for femten kyr?
Per, du ter deg som ein stut
Men frå du var liten gut
Var du allstad rundt og laga ståk og styr

Nei, så søndeleg for Per
At 'n skulle hamne her
I ei steinrøys han som emna te bli stor
Ja, han kunne komi langt
I eksisen, blitt sersjant
Teki skular kanskje komi på kontor
Men han finn nok tidsnok ut
At det fylgjer sorg og sut
Med å trasse dei som sit i styr og stell
For når gjeldi aukar på
Då kjem banken frå det blå
Og så endar det med tvangsauksjon og smell

Men han er så strid og sta
Du skal sjå at det gjeng bra
Og i skjorta er det musklar huttetu
Opp og ned frå grøft te grøft
Her blir Brauti-ryggjen prøvt
Er han like seig som bestefar sin tru?
Jadden er det gildt å sjå
Eg må burt og helse på
Om han rør litt med eit gamalt kjeringskinn
Sjå, der vinkar han meg ned
Eg fær hinke på mitt kne
For han Per er liksom kjærastguten min



Credits
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link