Takk Berre Bra, Eg Ska Skillast I Dag

Sola skein og fuglen skreik seg hås i åsen
Det var vår og varme på min veg
Midt i svingen møtte eg ein kjælen kjærast
Ho skaut barmen fram og klemde meg
Kjære vene, gamle jente
Kva har fått deg slik i kjempeslag
Du slit med mann og husbankrente
Korleis er det fatt med deg i dag?
Jau, takk berre bra, eg skal skillast idag
Du skal få til svar som du spør
Mann min og eg vi gjekk dårleg i lag
Skilt meg skulle eg gjort før
Mann min var ein gris i huset
Han let alle humler suse
Takk skal du ha, frå no går det bra
Eg sparka han på dør i dag
Evig kjærlighet går inn i harde tider
Tenkte eg, no skil visst alle lag
Men på mor og far min kan eg stadig lite
Dei held saman til sin døyan' dag
Mor blei sytti her om dagen
Eg gjekk dit med roser no som sist
Ho blomstra mot meg gjennom hagen
Korleis trivst du mor som pensjonist?
Takk berre bra, eg skal skillast i dag
Kan du sjå kor ung eg ser ut
Du, kjære, skjønar vel ikkje eit slag
Men far din var ein sabla stut
Han sto i med grannekona
Slo meg gjord' han så eg dåna
Takk skal du ha, frå no går det bra
Eg sparka han på dør i dag
Gudskjelov, eg har då sjøl ei grepa kjering
Ho held heimen i si faste hand
Vi skal bygge hus så eg er lite heime
Slit om kvelden med sement og sand
- Søte gullet, er du vaken
Søte gullet, søv du godt?
Men på hennar kalde laken
Låg beskjeden skriven stort og blått:
Takk berre bra, eg skal skillast i dag
Eg har fått ein ny kamerat
Ein som har god tid og godt hjartelag
Dertil er han advokat
Saka mi den skal han vinne
Barn og bil får eg som kvinne
Takk skal du ha, frå no går det bra
Eg sparkar deg på dør i dag
Kameratar, eg var trøytt på dagens kvinnfolk
Depresjonen flaut i sprit og fest
Så ein dag som eg var sjuk og djupast nede
Møtte eg vår kvinnelege prest
Du er prest, ei god prestinne
Er det håp for kjærlighet på jord?
Korleis går det når kvar kvinne
Kastar Gud og kvarmann over bord?
Takk berre bra, eg skal skillast i dag
Kjærligheta krev og eg vil
No vil eg finne eit mannfolk i slag
Gubben fekk det aldri til
Han var aldri elskovsødsel
Prata tull om jomfrufødsel
Takk skal du ha, frå no går det bra
Eg sparka han på dør i dag



Credits
Writer(s): Geirr Lystrup
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link