Abraham Kramkar

Litt opp for ein bakke og ned i ei li
I vegskilet ligg der ei bu
Og treng du litt spiker og ein kilo smør
Så fær du det her vil eg tru
For bak disken stend Abraham Kramkar
Med briller på nasen og vasskjemma hår
Og her hev han Abraham Kramkar
Hatt handel i snart førti år

Han Olav kjem syklands og Per kjem i bil
Og Gro kjem på gummisko
Og nokon skal handle og nokon skal rø
Og nokon skal berre glo
Og på krita sel Abraham Kramkar
"Bananur frå Trysil og druvur frå Troms"
På tilbod frå Abraham Kramkar
"Fersk havtorsk frå Røros pluss moms"

Og mykje blir drøfta og mangt blir her spurt:
Kven køyrde av vegen i natt?
Kven ventar seg små og kven kan ikkje få?
Hev nokon sett Anne sin katt?
Ja, spør berre Abraham Kramkar
Han er okkos ferskaste middagsavis
Ja, du fær av Abraham Kramkar
Eit dagsnytt te lågaste pris

Men du hev vel sett at dei byggjer så stort
Nedi bygdi eit Domus-palass
Så digert at når du skal ut att og heim
Må du mest bruke kart og kompass
Hot meiner du, Abraham Kramkar?
Nei, her er noko gali med styre og stell
Te Bloksberg sei' Abraham Kramkar
Med pampane i NKL

Ja, planen er grei, me skal dra fleire mil
Te næraste varehus
Der syg dei kon blakke og spyttar kon ut
Med musak og gratis brus
Så no spørs det om Abraham Kramkar
Må spikre att dynni te krambui si
Eller bergar me Abraham Kramkar
Igjennom ei ulvetid?



Credits
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link